Velkomen i Ulsteinbadet

Her finn du 25-metersbasseng, stupetårn med 1-, 3- og 5-meter, to sklier, varmtbasseng, barnebasseng, jacuzzi inne og ute, badstu og kafeteria.

Ulsteinbadet er ope for alle på ettermiddagar og i helgar - og tysdag og fredag er her morgonsymjing. På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til symjeopplæring i skulen. Sjå opningstider for Ulsteinbadet lenger nede på sida - eller sjekk opningstider for alle arenaene her.

Terapibadet/varmtbassenget vert også leigd ut til grupper og kurs. Finn opningstider her.

I skuleferiane har vi utvida opningstider.

Morgonbading

Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl 06.30-08.00 (gjeld ikkje i skuleferiar) for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.

For å bade aleine i Ulsteinbadet må du vere symjedyktig.

Både Ulsteinbadet og Ulstein Arena er universelt utforma. I Ulsteinbadet har vi mellom anna eige terapibad med rullestolrampe.

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon.

Fire arenaer

I Ulstein Arena finn du Ulsteinbadet, Ulstein bibliotek, Idrettshallen, Klivrehallen, ein liten kafe og turstinformasjon. Kulturavdelinga i Ulstein har kontor i Ulstein Arena.